Prestekragar i sommarsol. Foto: Pexels.
God sommar
På Kunst- og kultursenteret har vi leikt oss med assosiasjonar til ordet «sommar». Vi tenkjer med ein gong på lukta av nyslått gras, sol, myggstikk, humler, fjelltur, varme, lyse netter, hygge, samvær og glede, is, hav, blomar, jordbær, blå himmel, måseskrik og saltvatn.
Tekst: Ann Karin Orset, senter- og forskingsleiar, KKS, Nord universitet
Kva forbind DU med sommar? Kanskje kan assosiasjonane du får inspirere til å skrive eit lite dikt? Teikne ei skisse? Byggje sandslott? Uansett korleis du fyller fridagane, så hugs å gjere ting som du vil sjå tilbake på med glede. Kreativitet og skaparglede gir rom for utforsking, uttrykk og nye perspektiv, og er viktige kjelder til meistring og livskvalitet. Å skape saman med andre styrkjer fellesskap, samarbeid og inspirasjon, og opnar nye rom for læring og opplevingar.
Vi håpar du finn inspirasjon og rekreasjon i naturen i sommar, og lèt små og store inntrykk gi næring til nye idear. Nyt solstrålane, rolegare dagar og ikkje minst moglegheitene sommaren gir!
KKS ønskjer deg ein riktig god sommar!
