Foto: Kristin H. Kummernes
God jul!
Kva er din heimelaga favorittjulepynt? Ein snøkrystall i papir? Ein dorullnisse med hovudet på skakke og eit lurt smil? Vi på KKS gleder oss til å grave djupt i eskene vi har henta frå loft og kjeller, på leit etter juleskattar som kan spreie glede i hus og heim.
Lyst til å lage ny julepynt? Sjekk ut Origamihjerte | Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. Har du tips til undervisningsopplegg som er knytt til jul, ta kontakt med kunstkultur@nord.no slik at vi kan dele gode idear og inspirere andre.
KKS ønskjer alle ei god og fredfull jul med tid til ettertanke og kreativitet – aleine eller saman med andre!