iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Modell av skyskraper og pokaler bygget av lego.

Foto og illustrasjon: H. Hermansen

Arkitektur for framtida?

Langt mot nord, på den vesle staden Laupstad i Lofoten, har ei entusiastisk gruppe elevar og lærarar arbeidd med arkitektur, innovasjon, teknologi, design og programmering. Elevane, frå mellom- og ungdomstrinnet, har utvikla ei heilt spesiell bustadblokk, som bidrag til å møta klimautfordringane i framtida. For denne nyvinninga har Team Lego Laupstad vunne Lofotturneringa i First Lego League og får delta på den skandinaviske finalen i Roskilde, Danmark.

Tekst og foto: Hilde Hermansen, seniorrådgiver KKS

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS) besøkjer skulen jamleg i samband med at vi, som ein del av Nord universitet, deltar i den nasjonale satsinga på desentralisert kompetanseutvikling (DeKom).

Elevane fortel at dei har sett på nyheitene at stormane blir sterkare og hyppigare og at flaumfaren aukar i utsette område. Dei har òg lese at er det ein ting forskarar og meteorologar er samde om, så er det at ekstremvêr og naturkatastrofar kjem av klimaendringar. På tvers av klassetrinn og gjennom tverrfagleg arbeid har elevane reflektert over konsekvensane av klimaendringar og befolkningsvekst i byane og har laga seg denne problemstillinga: Korleis bygga høghus som toler morgendagens ekstremvêr?

Korleis bygga høghus som toler morgendagens ekstremvêr?

Aerodynamikk som konsept

Team Lego Laupstad sin ide er å utvikla ein aerodynamisk skyskrapar. Ved å bygga ein aerodynamisk bustadkonstruksjon har elevane funne ut at bygningen vil tola luftmotstand eller vind 90% betre enn ein firkanta skyskrapar gjer.

No finst det rett nok aerodynamiske bygningar frå før, men konseptet til elevane er at denne bygningen skal stå på ei dreibar skive, som kan vri seg 180 grader. Dette skal han gjera fordi bygningen må vri ein av dei smalaste sidene mot vinden for å utnytta den aerodynamiske forma si, fortel elevane.

Det er ikkje berre den aerodynamiske forma som sådan elevane har vore opptatt av. Bygget skal òg framstå som miljøvennleg og energibesparende ved at rundt 65 % av skyskraparen blir dekt med solcellepanel. I tillegg er det tenkt at bygget skal kunna varmast opp ved hjelp av bergvarme.

Utfordringar undervegs

Eit spørsmål elevane ofte har fått om konseptet, er korleis dette med kloakk og straumkablar skal kunna løysast i ein bygning som roterer. Dette har dei ikkje heilt funne svaret på, men elevane meiner løysinga kan vera å samla alle røyr og kablar i midten og bruka same system som i dei kai-kranene dei har sett på kaia.

For å få spesifikk rettleiing og kunnskap undervegs i prosessen kontakta elevane  Klimavakta ved Meteorologisk institutt, og dei snakka med arkitektar og solcellefirma. Heilt strømlinjeformet har nok ikkje samarbeidd vore, men elevane fortel engasjert om korleis dei har funne felles løysingar gjennom å snakka og arbeida saman.

Fagfornyelsen / LK20 / LK20S

Den tverrfaglege måten å arbeida på som lærarane på Laupstad oppvekstsenter har lagt tilrette for, er heilt i tråd med viktige intensjonar i fagfornyelsen/LK2020/LK2020S. I den nye læreplanen i kunst og handverk inneber kjerneelementet kunst- og designprosessar at elevane skal utvikla nysgjerrigheit, kreativitet, mot, skaparglede, uthald og evna til å løysa problem. Kjerneelementet vektlegg både opne og utforskande prosessar, og stegvise prosessar med utvikling og innovasjon som mål. Gjennom godt lagarbeid, faktaopplysninger, nysgjerrigheit og fantasi har Team Lego Laupstad vist at utforskande og kreativ tenkning allereie er godt etablert ved skulen.

Den skandinaviske finalen i First Lego League går av stabelen i Roskilde, laurdag 30. november. Vi ønsker alle deltakande lag lykke til! Framtida treng dykk!

Les meir om First Lego League.

Vil du vite meir om Laupstad oppvekstsenter?

Læreplan i kunst og håndverk, LK2020/LK20202S

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.