iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Sitteunderlagmed heklede blomster
Sitteunderlagmed heklede blomster
Sitteunderlag formes til en sirkel
Sitteunderlag formet som en blomst
Fingerheklede remser

Sitjeunderlag i ull

Lag sitjeunderlag i ull med inspirasjon frå Ung husflid og gamle handverkstradisjonar. Elevane jobbar med ull, form og farge gjennom fingerhekling, toving, sying og montering.

Gosen skole ved kunst- og handverkslærarane Greta Erland og Lili Frahm Jensen har utarbeidd dette undervisingsopplegget i samarbeid med Kunst- og kultursenteret. Dei fekk inspirasjon til å jobbe med sitjeunderlag i ull etter å ha besøkt nettsida til Ung Husflid.

Ideane dei fekk vart vidareutvikla, og i dette undervisingsopplegget ser vi korleis gamle handverkstradisjonar som fingerhekling, toving, montering og dekorering blir vedlikehaldne og lærte vidare til neste generasjon. Kanskje er dette noko å prøve på skolen din?

Bakgrunnen for ullprosjektet er at faglærarane brenn for ull, form og farge, og den fleksibiliteten ull har som materiale. Ull er 100 % fornybart og naturleg og er difor ein av dei mest berekraftige materialressursane vi har. Gamle handverkstradisjonar er viktige å halde ved like og lære vidare til neste generasjon, meinte lærarane som deltok i Kunst- og kultursenteret sitt nasjonale grunnskolenettverk.

Sitjeunderlaga er ikkje berre vakre å sjå på, dei er også praktiske: Nokre elevar lagde matter til kjæledyr, andre ønskte å bruke dei på kjøkenstolen eller på tur. Formgummien som fungerer som lim gjer at sitjeunderlaget held fukta borte om ein t.d. vel å sitje på det i snøen.

I tillegg til å lære om materialet ull, er det viktig at elevane også kjenner til gamle handverkstradisjonar. Kjerneelement og kompetansemål i kunst- og handverksfaget legg til rette for dette. Samstundes kan kreativitet og skaparglede utviklast frå idéfase til ferdig produkt. Valfaget kulturarv og praktiske handverksfag gjev rom for å opparbeide kompetanse både innan materialkunnskap og handverkstradisjonar.

Innleiande øving

Om elevane ikkje har erfaring med fingerhekling rår vi til at dei, før dei byrjar å jobbe med designprosess og gjennomføring, prøvar å fingerhekle. Elevane vil då tileigne seg naudsynt materialkunnskap og handverksteknikkar. Dette er ein føresetnad for at dei skal kunne jobbe i ein designprosess. Elevane kan også prøve ut nokre grunnteknikkar innanfor hekling, nålefilting, toving av detaljar osv. Dette for å vere tryggare når dei skal designe og lage dekoren på sitjeunderlaget.

Designprosess

  1. Eleven som designar må øve på å setje brukaren av produktet og behovet til denne i sentrum. Kva ønskjer brukaren, og kven er det?
  2. Kva behov skal dekkast? Eleven må argumentere for dei vala som blir tekne.
  3. Kva funksjonar skal produktet fylle? Elevane brukar loggboka og skriv notat, skisser og teikningar.
  4. Elevane må kunne sjå kva moglegheiter dei har og utarbeide ulike idear. Det kan vere å jobbe med skisser, både to- og tredimensjonale. Elevane må også kunne prøve ut i ulike materiale. Læraren kan her setje i gang ulike kreative prosessar med idéutvikling. Til slutt vel elevane ein av ideane.
  5. Elevane må kunne gje den valde ideen ei materiell form. Kva materiale, dimensjonering, fargar, overflate, detaljar, plassering av detaljar osv. Kva skal dei velje og kvifor har dei valt som dei gjer?

Hovudområde produkt:

– Elevane presenterer prosessen og produktet på grunnlag av designprosessen og dei vala dei har gjort. Vala grunngjevast.
– Lærar avgrensar rammene i materiale og teknikkar.

Framgangsmåte

  • Lag produktet ved å fingerhekle ei lang remse av tre nøste tovegarn. Hugs at det skal vere eit sitjeunderlag. Tenk på fargar, detaljar osv.
  • Fingerhekleremsa tovast i vaskemaskin. Vel eit kortprogram på 40 grader og tilset éi matskei grønsåpe. Du kan vaske fleire remser saman.
  • Når remsa er tørka formast/snurrast ho i ein sirkel på ei plate der det er festa dobbeltsidig tape. Sitjeunderlaget blir vasstett på sida med formgummi.
  • Pensle med formgummi på den sida som skal vende ned.
  • Lag detaljen/detaljane til sitjeunderlaget i den teknikken du har valt.
  • Når sitjeunderlaget er tørt kan detaljen(ane) festast.

Tilpassa opplæring

Opplegget kan enkelt tilpassast og brukast av alle elevar ut frå ulike læringsbehov. For elevar som har faglege utfordringar, er det kanskje stor nok oppgåve å fingerhekle og forme sjølve sitjeunderlaget? For elevar som treng faglege utfordringar, kan læraren til dømes gje rettleiing til meir avanserte dekoreringsteknikkar. Her kan eleven mellom anna lære dekorhekling eller tove dekorroser. Læraren kan også utfordre eleven sjølv til å tenkje ut dekoreringsmotiv som seier noko om deira eigen eller brukaren av sitjeunderlaget sin personlegdom eller sine interesser.

Med LK20 kom det nye vurderingstekstar knytte til undervegs- og standpunktvurdering. Vi minnar også om rettleiande kjenneteikn på måloppnåing i kunst og handverk, 10. trinn.

Eva Lutnæs ved HiOA/Ener Ungdomsskole har laga nokre vurderingsspørsmål og eit vurderingsskjema til ei anna design/redesignoppgåve som kanskje kan vere til hjelp i prosessen med å vurdere elevane sitt arbeid i denne oppgåva?

Fagsamtale i starten av prosessen. Korleis forstår elevane oppdraget? Finn de relevant informasjon? Korleis fordelast arbeidsoppgåvene i gruppa om det
er gruppearbeid?
Vurdering i etterkant av elevpresentasjon. Har eleven/gruppa funne ei truverdig løysing på oppdraget? Kva konsekvensar ville andre løysingar ha gjeve?
Kvar elev/gruppe vurderer eige arbeid ved hjelp av kompetanseprofilen (sjå under)
Sluttvurdering frå lærar med karakter, kompetanseprofil og framovermelding
8. – 10. klassetrinn. Her eksemplifisert i valfaget design og redesign

Elevens kompetanseprofil:

figur av sirkler
Figur: Elevenes kompetanseprofil. Eva Lutnæs

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.