Har du innspill til våre nettsider?  – Klikk her for å gi oss din tilbakemelding!

Omis- Animasjonsfilm produsert av femåringar

Femåringane i barnehagen har, i samband med FORUT sin barneaksjon, laga animasjonsfilm om Omis frå Nepal

Kort om prosjektet

Kvar haust deltek barnehagen i FORUT sin barneaksjon. Hausten 09 handla det om Omis frå Nepal. I samband med dette prosjektet produserte femåringane ein animasjonsfilm. Barna var med på heile prosessen frå ide til ferdig produkt. Det var stor grad av barnemedverknad, mykje kreativitet og skaparglede og ein kombinasjon av tradisjonelle og ”nye” verktøy og metodar.

Mål for prosjektet

  • Barna samarbeider. Dei må diskutere og bli einige om korleis forteljinga og filmen skal vere.
  •  Barna bruker sin kreativitet, på mange ulike måtar.
  •  Barna får bruke språket aktivt gjennom heile prosessen, mellom anna gjennom diskusjon rundt tankekart og tekstskaping og arbeid med lyd.

Gjennomføring

Bakgrunn for prosjektet

Kvar haust deltek barnehagen i FORUT sin barneaksjon. Hausten 2009 handla det om Omis frå Nepal. I samband med dette prosjektet produserte femåringane ein animasjonsfilm. Barna var med på heile prosessen frå ide til ferdig produkt. Det var stor grad av barnemedverknad, mykje kreativitet og skaparglede, og ein kombinasjon av tradisjonelle og ”nye” verktøy og metodar. Då me starta med prosjektet, spurde me barna kva dei hugsa frå i fjor, og det var jammen mykje dei hugsa!

”Omis tok noko søppel og så var det mat oppi.” – ”Han tente pengar.” – ”Det var ei gammal bru, og så tende dei bål.” – ”Dei store laga mat.” – ”Det var nokre stygge gutar.” – ”Omis hadde bursdag.” – ”Omis og vennen klatra på taket på bilen.” – ”Dei snakka om kubæsj.” – ”Omis reiste til elefanten, og han fekk sitja på.” – ”Jentene på filmen min dansa.”

Me såg alle filmane om ”Omis” og ”Yeti” (den avskyelige snømannen), lytta til musikken, laga ny og spennande mat, og lærte oss nokre nepalske gloser. Barna laga også flotte ting til å selja på FORUTkafeen, som markterte slutten på prosjektet. Heile prosjektet varte i om lag 2 ½ månad.

Barna skaper ei forteljing
Me starta med eit tankekart, der barna sa kva dei ønskte å ha med i animasjonsfilmen. Me brukte tankekart både for å få fram alle barna sine synspunkt og idear, men og for å systematisera og visualisera ideane som kom fram. Her er noko av det barna ville ha med i filmen:

”Snø og snømann” – ”Yeti må vera skummel og mørk” – ”Omis og Dalbir må vera med” – ”Det må vera med elefant” – ”Omis må sitja på elefanten” – ”Me må laga elefantbæsj” – ”Det må vera grønt vatn med krokodille” – ”Det må vera hengebru”.

Barna hadde mange gode og konkrete idear. Dei var opptekne av at både Omis og Dalbir (bestevennen til Omis) skulle vera med. Dei ville ha med fleire dyr og Yeti. Me henta mykje inspirasjon til filmen frå Omis-filmane me hadde sett, men også frå skogsturane. Når barna var einige om korleis forteljinga skulle vera, skreiv me forteljinga ned (tekstskaping). For å få med alt, valte me å dela filmen i to episodar. Barna opplevde at ”mi meining tel”, samtidig som heile gruppa skapte noko i lag. Det var høg grad av barnemedverknad i prosessen med å skapa sjølve forteljinga.

Tankekart.

 

Rekvisittar og kulissar
Me brukte mykje tid på rekvisittane. Barna leita lenge oppi Duplo-kassen etter to figurar som kunne vera Omis og Dalbir. Barna fann og dei ulike dyra som skulle vera med. Elefanten og krokodillen i elva var sentrale, men barna var opptekne av at det skulle stå nokre andre dyr ved elva og. Me tok figurane og dyra med oss ut i skogen, der barna leika forteljinga.

Barna fann steinar, pinnar, mose m.m. Barna var opptekne av at kulissane skulle vera dei rette, og at dei skulle vera fine i lag. Så fann me stoff som skulle symbolisera elva. Barna leita lenge etter den rette fargen på stoffet. Til slutt malte barna eit bakgrunnsmaleri med fjell og himmel. Me brukte tannkost, pinnar og svamp for å få fram den ønska effekten på fjella og himmelen. Barna jobba svært iherdig og kreativt under denne prosessen. Barna var svært opptekne av estetikken. Av tidlegare erfaring har me lært at ein filmbakgrunn bør vera lys i fargane, og derfor var me opptekne av å få fram ulike nyansar av grått og kvitt på fjella og ulike nyansar av blått på himmelen.

Så skulle me skapa Yeti. Korleis ser eigentleg Yeti ut? Dette grubla me lenge på, og til slutt fann me ut at me kunne laga kvar vår Yeti. Først malte barna ”sin” Yeti, og brukte pinnar og tannkost for å få fram den rette effekten her og. Deretter laga barna kvar sin Yeti i leire, pinnar og ull. På denne måten, gjennom praktisk, kreativt arbeid, bestemte barna korleis Yeti skulle sjå ut på filmen, med utgangspunkt i kvart enkelt barn sin fantasi. Barna viste stor grad av kreativitet i dette arbeidet!

Filmskaping
Barna gleda seg veldig til sjølve filminga, me hadde jobba så lenge med alle førebuingane, at barna visste akkurat kva som skulle skje i filmen. Barna håpa og å få læra nokre filmtricks. Barnehagen har laga animasjonsfilmar i fleire år, så barna hadde mykje kunnskap på dette området, sjølv om det var første gong desse barna laga animasjonsfilm. Barna såg ingen hindringar, dei kom bare med gode og kreative forslag til korleis me kunne laga ulike effektar i filmen.

Episode 1
Barna var med og sette opp kulissane og gjorde klar figurane. Først fotograferte me alle bileta til sjølve animasjonen, og barna deltok i arbeidet med å flytta på figurane. Barna visste kva som skulle skje i denne episoden, og delte på å flytta Omis, Dalbir, elefanten, krokodillen litt og litt om gongen. Me tok over 100 bilete for å få til ein liten filmsnutt. Sidan barna ikkje hadde vore med på akkurat dette før, klarte dei ikkje heilt å sjå føre seg at flyttinga litt og litt faktisk kunne bli til ein film. Barna hadde bestemt at elefanten skulle bæsja, og sidan det var 8 barn i gruppa, måtte han bæsja 8 gonger! Barna var ikkje heilt sikre på korleis me kunne få ein plastelefant til å bæsja, men ein av dei vaksne visste råd. Dermed fekk barna læra eit filmtricks.

Då me hadde tatt alle bileta, sette me dei raskt saman i MovieMaker (filmredigeringsprogram). Barna var med på dette arbeidet. Så diskuterte me om det var sånn filmen skulle vera, om han gjekk for fort, eller for seint, og kor det var greitt å ha ein pause. Barna kom med fleire innspel i dette arbeidet. Så la me på tittel og tekst. Barna hadde snakka om og bestemt tittelen på filmen på førehand. Barna bestemte og farge på bakgrunn og bokstavar, i tillegg til korleis bokstavane skulle sjå ut og andre effektar. Barna fekk verkeleg prøva demokrati i praksis.

Ein film treng også lyd. Barna hadde på førehand snakka om kva lyd som kunne passa på filmen. Dei ville ha med bæsjelyd, plaskelyd, elefantlyd og eit rop om hjelp. Plaskelyden var lett, den laga me ved å plaska med vatn i ei bøtta. Men korleis kunne me laga gode bæsjelydar? Barna prøvde ulike variantar.

Plutseleg blåste ei av jentene på armen sin, og alle stoppa opp, det var akkurat den lyden me var på ”jakt” etter. Etterpå snakka barna inn tittel og avslutning, og me diskuterte oss fram til kva musikk som kunne passa til filmen. Så såg me episode 1, og barna var kjempefornøgde med resultatet.

Jente holder duplofigur i hånden.

Barnehånd holder figur med store øyne og fargerikt hår.

Episode 2
Då me skulle laga episode 2, kom det to journalistar frå Jærbladet (lokalavisa) for å laga ein reportasje om animasjonsfilming i barnehagen. Nå visste barna korleis ein animasjonsfilm blir laga, og dei fortalde ivrig til journalistane om heile prosessen med å produsera ein animasjonsfilm.

Denne gongen skulle Omis og Dalbir gå over ei hengebru. Barna og dei vaksne hadde brukt mykje tid på formingsrommet på førehand for å laga ei hengebru. Ho var ganske vinglete, men fungerte akkurat slik me hadde førestilt oss det på filmen. Då Omis og Dalbir var midt ute på brua, oppdaga dei Yeti langt borte i fjella. Den vaksne viste barna korleis me kunne zooma inn, for å skapa ein illusjon om at Yeti kom nærmare. Yeti kom meir og meir til syne langt der borte, men då Omis og Dalbir gjekk nærmare for å sjå Yeti, smelta han. Då fekk barna lære fleire filmtricks. Barna var svært opptekne av at Yeti skulle sjå ut akkurat som dei hadde bestemt at han skulle sjå ut.

Så tok me opp lyd til episode 2, og la på tekst og musikk. Deretter kunne me sjå heile filmen vår, og resultatet blei kjempebra – akkurat slik barna hadde planlagt filmen. Både barna og dei vaksne var svært stolte filmprodusentar!

arn lager animasjonsfilm ute. Elefanter og andre figurer blir brukt.

Filmframsyning
På FORUT-kafeen hadde me urpremiere av animasjonsfilmen for foreldre, søsken og andre som var innom. Barna fortalde og forklarte ivrig korleis dei hadde laga filmen. Seinare viste barna filmen sin til alle rektorane og styrarane og etatsleiinga i kommunen, og barna fortalde om nokre av filmtricksa. Filmen blei også publisert på barnehagen si nettside. Personalet hadde på førehand vore i kontakt med
både Geirr Lystrup og FORUT angåande å få lov til å bruka musikken. Fordi barna hadde vore med på heile prosessen, kjende dei seg som ekte filmskaparar. Barna opplevde heile tida at det var deira film, og dei var stolte og fornøgde med resultatet. Og det same var dei vaksne som hadde vore med og laga filmen. Alt stemde: fargevalet, dybden i filmen, forteljinga med ei byrjing, fleire høgdepunkt og ei avslutning.

Se video her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.