Gå til hovedinnhold
Heklede tekstiler, samt bilde av ung kvinne i mønsterstrikket jakke.

Tekstilt arbeid frå massteroppgåva "A Si Moi" (av si mor) der Ingvild Flottorp har brukt lokal tekstiltradisjon som inngang til eige skapande arbeid. Foto: Ingvild Flottorp og Lotte Tangen

I hovud, i hand og i hjarte

«Kulturen vi ber på går vidare i arv frå den eine generasjonen til den neste. Heile tida skjer det ei utvikling der kulturen blir tilpassa den som tek til seg tradisjonane gjennom tida dei sjølv er i», skriv Ingvild Flottorp. Ho tek utgangspunkt i si eiga mastergradsavhandling «A si moi» (av si mor), når ho i denne artikkelen trekker fram skilnadane som ligg i det å ha kunnskap om eit emne kontra det å tileigne seg kunnskap gjennom fysisk å ta del i same emne. Flottorp bruker lokal tekstiltradisjon som inngang til skapande arbeid for gje døme på kva kunnskapen kan uttrykkast i.

«Moste te mor mi sa alltid at me måtte sjå etter endane når me sauma. Ikkje kaste ein lang ende.»

– frå intervju i arkivdokument frå 1936 etter Anna Grostøl, norsk folkemuseum og arkiv.

Det ligg ein skilnad i det å ha kunnskap om noko og den kunnskapen ein tileignar seg gjennom erfaringane ein får ved å ta del i noko. I arbeidet med mastergradsavhandlinga «A si moi» (av si mor) gjer eg greie for desse skilnadane og koplar desse opp mot eige skapande arbeid med tekstilar. Utgangspunktet for avhandlinga ligg i eigen, lokal tekstiltradisjon. Sentralt står korleis nettopp det å gå inn i det lokale spelar inn i praksisen. I det heile handlar arbeidet mitt om å kople seg sjølv på ei rekke av kvinner som har hatt tekstilar i hovudet, i hjartet og i hendene før meg. Eg har sjølv valt å omfamne posisjonen som bru mellom fortid og framtid. Då det å føre verdiane frå fortida vidare består i å gje det vi har og lære det vi kan vidare til neste generasjon, bur det eit stort didaktisk rom i vidareføringa av den immaterielle kulturarven. I artikkelen presenterer eg sentrale delar av mastergradsavhandlinga som kan vere relevante i opplæringa og vidareformidlinga av kulturarven vår.

Immateriel kulturarv og handlingsboren kunnskap

Så lenge menneske har vore til, har kunnskap gått i arv frå den eine generasjonen til den neste. Immateriell kulturarv (Kulturdirektoratet, u. å.) handlar om handlingsboren kunnskap som blir vidareført og vidareformidla mellom menneske og i handlingane fenomena inneber. Dette gjeld til dømes musikk, dans, mattradisjonar og også handverk. Gjennom handverket har tradisjonar blitt overført gjennom hender og  kulturarven handlar om kunnskapen som ligg bak dei materielle tinga som blir laga. Slik er tradisjonane levande gjennom menneska som utfører dei ulike delane av kulturarven. Dette betyr at gjennom vi som lever i dag, kan kunnskap frå fortida feste seg i samtida, og på den måten leve vidare inn i framtida. 

Dei fleste er samde om at det  å ta vare på tradisjonar og vidareformidle dei er viktig. Så viktige at Noreg har skrive under på UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv frå 2003, som skal sikre at ein aktivt arbeider for å ivareta rikdomen som ligg i den handlingsborne kunnskapen (UNESCO, u. å.). For at dette skal kunne gjennomførast i opplæringa publiserte UNESCO i år «Framework for Culture and Arts Education» (UNESCO, 2024) som eg ikkje går nærare inn på her, men ynskjer å vise til i forlenginga av artikkelen. 

For at den immaterielle kulturarven skal kunne vere levande i bruk, slik Kulturdirektoratet (u. å.) peiker på at den er, må overføringa av den vere noko ein tek del i, ikkje berre vere noko ein tek imot (Halvorsen, 2017). Else Marie Halvorsen skildrar korleis vi har ein kultur, men også er i ein kultur; har- og er-kultur. Dette set eg opp som ein parallell til mine komponentar om kunnskap OM og kunnskap GJENNOM som mastergradsavhandlinga «A si moi» bygger på. «Kunnskapen som ein kan ha om ein gitt tradisjon, kan ein ta imot, men kunnskapen frå den immaterielle kulturarven er fyrst levande i menneska dersom ein tek del i den ved å tileigne seg kunnskap gjennom å føre handverk frå den» (Flottorp, 2024, s. 80 ).

Kulturforståing i kunst og handverk

I LK20 ligg kulturforståing som kjerneelement i kunst og handverk for grunnskulen. Der skal elevane reflektere over korleis kunst, handverk og design speglar og er med på å forme kulturen. Kunnskapen elevane skal tileigne seg om visuell og materiell kultur skal bidra til å kunne ta bevisste val i eige skapande arbeid (Kunnskapsdepartementet, 2019). Det blir også uttrykt korleis kulturarv kan vere ei kjelde til inspirasjon og opplevingar. Samstundes skal elevane utvikle handverksferdigheiter gjennom erfaring og forståing for eigenskapane til ulike verktøy og materiale slik at dei kan bli brukt på ein etisk, miljøbevisst og trygg måte (Kunnskapsdepartementet, 2019).

Dei tidkrevjande handverksprosessane

Eg har undersøkt korleis ein kan hente ut element frå tekstiltradisjonane som kan vere relevante i tida og kulturen ein sjølv er ein del av. For at ein skal kunne det, må ein både ha ei forståing for det som har vore før, men også ei respekt. Näumann et al. (2020) viser til at det er gjennom sjølv å delta i handverket ein kan skaffe seg ei djupare forståing for kva som ligg bak. I mitt arbeid har eg sjølv kopla meg på fysiske objekt frå kulturen vi har, ved å veve meg inn i denne i kulturen eg sjølv er ein del av.

Tekstilt arbeide av Ingvild Flottorp.
Plantefarga garn vove inn i arva blondeduk. Foto: H. Hermansen
Kvinne som arbeider med tekstile håndverksteknikker.
I prosess med eige skapande arbeid. Foto: L. Tangen

Å sitte i det langsame arbeidet med å veve seg inn i blondedukar, arva frå eige familiemedlem og andre foregangskvinner innan det tekstile handverket, ga rom for refleksjonar.

Tida er lang. Gjennom handverket, og i den langsame prosessen det inngår i, blir heile livet sett i perspektiv og spegla gjennom arbeidet.

«Tida er lang. Gjennom handverket, og i den langsame prosess det inngår i blir heile livet sett i perspektiv og spegla gjennom arbeidet. Kvar maske, kvart innslag er ladd med emosjonar. Når mitt handverk kjenst ut som det rommar eit heilt liv for meg, tenker eg på kva alle dei gamle tekstilane då rommar (…) Det ein lagar på eit gitt tidspunkt er synlege teikn på det ein har med seg frå fortida. Når ein koplar seg på slik: Er det fyrst då handverket blir viktig? Kan ein ha omsorg for fortida utan sjølv å kople seg på den? Og kan ein klare å bry seg om framtida dersom ein ikkje tek del i forflyttinga av tida som skjer ved fysisk å kople seg på den med eigen kropp?» (I. Flottorp, refleksjonsnotat, 23. februar 2024).

Respekten for dei tidkrevjande prosessane kan gje fleire verdifulle haldningar til materiale. Bråten og Kvalbein (2014) peiker på at det å vere nøysam låg som naturleg prinsipp i fortida. Ein såg verdi i materiala som ein visste det tok lang tid å utvinne eller som måtte reise langt for å hamne i Noreg. Dermed var det viktig å utnytte dei dyrebare råvarene uansett økonomisk ståstad. Når ein tek del i handverksprosessane frå fortida har ein potensiale til å ta til seg same prinsipp som våre formødre arbeidde etter. 

Kan ein ha omsorg for fortida utan sjølv å kople seg på den? Og kan ein klare å bry seg om framtida dersom ein ikkje tek del i forflyttinga av tida som skjer ved fysisk å kople seg på den med eigen kropp?

Respekten for dei tidkrevjande prosessane kan gje fleire verdifulle haldningar til materiale. Bråten og Kvalbein (2014) peiker på at det å vere nøysam låg som naturleg prinsipp i fortida. Ein såg verdi i materiala som ein visste det tok lang tid å utvinne eller som måtte reise langt for å hamne i Noreg. Dermed var det viktig å utnytte dei dyrebare råvarene uansett økonomisk ståstad. Når ein tek del i handverksprosessane frå fortida har ein potensiale til å ta til seg same prinsipp som våre formødre arbeidde etter.

Plantefarging som inngong til kulturarv og tradisjonshandverk

Ein inngang eg hadde til tradisjonshandverket var gjennom plantefarging. Etter å ha utforska og prøvd ut tallause fargestoff sat eg med garn i utruleg mange fargar. Desse er blitt brukt  i ei jakke der eg har komponert mønster frå ulike fortidige tekstilar eg har lagra i minnet. Ein metode som står sentralt i det å vidareføre immateriell kulturarv der lite er nedskrive, men finst som kunnskap og uttrykk i det menneske lagar med hendene.  

Strikka jakke i plantefarga garn. Foto: Lotte Tangen
Detalj av strikket jakke med mønsterborder.
Mansjettar med frynseteknikk inspirert av eldre pulsvarmarar. Foto: Lotte Tangen

Å gå i naturen og sanke planter, koke ut fargestoff av dei, klargjere garn og farge det: For så å skulle gå inn i nok ein langsam prosess med å strikke av garnet, gir tid til å opparbeide respekt for ressursane og ein trong til ikkje å sløse dei bort. Slik går ikkje ein einaste tråd av det garnet eg har farga til spille. Slik eg også viste til i sitatet frå arkivsamlinga etter Anna Grostøl i innleiinga, der intervjuobjektet fortel om korleis dei ifrå tidleg alder blei lært opp til at ein ikkje skulle kaste ein lang trådende. På den tida måtte ein ta vare på det ein hadde av heilt andre grunnar enn i dag. Samstundes lever vi i dag i ei tid der vi stadig blir minna på at det er viktig å ta berekraftige val. Gjennom kunnskapen som ligg i kulturarven vår, kan vi ta til oss måtar å tileigne seg prinsipp som kan kome kloden vår til gode. Eit mål då er ikkje eine og aleine for å ta berekraftige val, men derimot å ha det å utnytte det vi har på best mogleg vis som ei naturleg haldning i oss.

Ein kan spørje seg kvifor det er så viktig for oss å ta vare på kulturarven og tradisjonane og vi har. På den andre sida er det å skulle ta vare på sin eigen familie heilt opplagt og ibuande i oss menneske. Kanskje ein kan sjå på kulturarven på same vis? Då den beveger seg frå generasjon til generasjon er den sårbar for at delar av den kan gå tapt mellom kvart ledd. Dermed må vi famne om den for at den skal kunne leve vidare. Kanskje er det nett slik det kjenst ut for mange. Vi har våre lokale tradisjonar kring oss i kvardagen – i hus og i klesskap. Likevel vil eg poengtere skilnaden i det å sjå på tradisjonane kontra det å ta del i utøvinga av dei.

Gjennom kunnskapen som ligg i kulturarven vår, kan vi ta til oss måtar å tileigne seg prinsipp som kan kome kloden vår til gode.

Det er inga tvil i at miljøbevisst tankegang er viktig i vår tid, og dei fleste kjenner eit ansvar for å leve slik at det ikkje skal gå på bekosting av den neste generasjonen. Samstundes er det ingen som eine og aleine kan redde kloden vår. Det er viktig å poengtere at eg heller ikkje meiner at ein gjennom å gå inn i fortida sitt langsame handverk kan det. Likevel vil eg poengtere kjensla av omsorg som ligg i det tekstile handverket – laga av ei, for at det skal gå vidare til ei anna, og igjen lada med omsorga gjennom dei generasjonane som har tatt vare på tekstilane. Denne omsorga vil vi kanskje kunne ta til oss på eit djupare plan dersom vi sjølv tek del i handverkstradisjonane. Kanskje ein i vår tid kan lære av fortidas innebygde nøysemdsideale som Bråten og Kvalbein (2014) uttrykker, og då vere i stand til å oppnå LK20 sine mål om etisk og miljøbevisst utnytting av materiale. Og kanskje omsorga og erfaringane gjennom det langsame arbeidet frå vår kulturarv også vil gje ei respekt for materiala og naturen og derav ei lyst til å ta vare på den?

Vidareføring og potensiale i lokal tradisjon

Eg vil til slutt tydeleggjere korleis dette handlar om våre personlege haldningar knytt til det å ta vare på det vi har i både kulturen og i naturen. Det å tileigne seg kunnskap om fortidig handverk blir mest samansett dersom ein sjølv oppnår erfaringar og ferdigheiter gjennom å ta del i handverket. Dersom den immaterielle kulturarven skal leve vidare og bli teken vare på som vi har forplikta oss til gjennom UNESCO, kan det ligge verdi i å sjå til prinsippa om kulturen vi har og kulturen vi er ein del av som Halvorsen (2017) peiker på. Klarer ein i dagens samfunn å ta til seg enkelte element frå kulturen vi har så den framstår relevant for oss, har den potensiale til å leve vidare. Ein måte er då å sjå kulturarven litt som eit familiemedlem ein skal ta vare på og vil at skal leve godt vidare etter vår tid også. For å kunne gjere det, kan det ligge eit potensiale i å gå inn i eins eigen lokale tradisjon der erfaringsrepertoaret vårt kanskje er størst, då det er noko vi har kjent til i lengst og har hatt lengst tid til å knyte oss til.

Vi har mykje å lære av dei som har gått føre oss, og det å kople seg på ei lang rekke av kvinner som har hatt tekstilar i hovudet, i hendene og ikkje minst i hjartet, kan gje rike kjelder til inspirasjon, opplevingar og verdikjensle.

Litteratur

Bråten, I. & Kvalbein, Å. (2014). Ting på nytt: En gjenbruksdidaktikk. Fagbokforlaget.

Flottorp, I. (2024). A si moi: Eit studium av lokale tekstiltradisjonar som inngang til eige skapande arbeid [Masteroppgåve]. Universitetet i Søraust-Noreg.

Grostøl, A. (1934-1955). Anna Grostøls arkiv [arkivkatalog]. Norsk folkemuseum.

Halvorsen, E. M. (2017). Kulturarvens ulike ansikt. Techne serien – Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap, 24 (1).

Kulturdirektoratet. (u. å.). Immateriell kulturarv. Henta 20. november 2024 frå https://www.kulturdirektoratet.no/immateriell-kulturarv

Kunnskapsdepartementet. (2019). Læreplan i kunst og handverk (KHV01-01). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/khv01-02?lang=nob

Näumann, R., Riis, K. & Illeris, H. (2020). Bærekraftsdidaktikk i kunst og håndverk: Gjenbruke – Oppvinne – Skape. Cappelen Damm Akademisk.

UNESCO. (u. å.). Immateriell kulturarv. Henta 20. november 2024 frå https://unesco.no/kultur/#immateriell-kulturarv-1

UNESCO. (2024). UNESCO Framework for Culture and Arts Education. https://www.unesco.org/sites/default/files/medias/fichiers/2024/02/WCCAE_UNESCO%20Framework_EN_0.pdf

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.