iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold

Foto: Marit Zimmermann Andersen

Hjarte av bjørkekvister

Å laga hjarte av ferske greiner er ein fin og enkel aktivitet som kan gjerast heile året. Det krev lite utstyr, og materiala finn du i skog og hagar. Berre hugs å spørja eigaren av skogen eller hagen om å få klippa nokon greinar først.

Tekst: Marit Zimmermann Andersen

I dette dømet er det brukt bjørk til å forma eit hjarte. Bjørka er mjuk, ho er lett å bøya og har ofte små fine kvister på greinene som gjer at hjarta blir lubne og fine. Også andre treslag kan brukast.

Steg 1

Leit fram det utstyret og dei verktøya som trengst, illustrasjon (ill.) 1. Finn deg to fine bjørkekvister som er omtrent like tjukke og like lange. Sjekk at greinene er mjuke nok ved å bøya dei heile vegen. Knekkar dei må du finna nye.

Steg 2

Klipp av ei god lengd med hyssing og bind greinene saman i den enden du klipte dei av. Det gjer du ved å surra tråden 2 gonger rundt og knyta dei stramt saman med ein dobbel knute. Ikkje klipp av endene, dei skal du bruka vidare, sjå ill. 3. Dette blir spissen på hjartet ditt.
Tips: Ikkje klipp hyssingen for kort, det er mykje lettare å stramma knuten om du har litt gode endar å halda i. Kan du knyta båtsmannsknop er det ein super knute å bruka her.

Steg 3

No skal du bøya den andre enden av greinene til kvar si side og samla dei i nede i spissen. Har du lange endar igjen frå den første knuten bruker dei til å knyta. Viss ikkje tek du ein ny tråd. Surr eit par gonger rundt og stram godt med dobbelknute eller båtsmannsknop, ill. 4.
Tips: For å samla småkvistene på bjørkegreinene kan det vera lurt å vri greinene rundt før du bøyer dei.  Om du ikkje vil samla dei får du eit rufsete hjarte, det kan vera like fint.

Steg 4

Form hjartet ditt til du er fornøgd og knyt ein tråd rundt der du vil kløfta i hjartet skal vera, ill. 5.
Tips: Ikkje klipp av endene, men knyt dei saman på baksida av hjartet så har du hempe å hengja hjartet opp i.

Steg 5

Pynt hjartet ditt med fargerike kvister, bær, kongler eller det du måtte finna, sjå til dømes ill. 6 og 7. Knyt på ei sløyfe eller to til dekor, ill. 8

Hjerteform laget av bjørkekvister pyntet med rød hyssing og røde bær.
Foto: Marit Zimmermann Andersen

Tips: Bjørkehjarter er like fine år etter år. Pynten visnar kanskje og sløyfene falmar, men det byter du enkelt ut med noko som passar til årstida.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.