facebook

Komponering til forteljing i barneskulen

Dette opplegget har vore gjennomført ved Øyra barneskule for 1. og 2. klasse. Opplegget har hatt som mål å bruke forteljinga om Jakob og Neikob som utgangspunkt for komponering. For å gi borna reiskapar til dette fekk dei gjere seg kjende med musikkelement som klang, rytme, dynamikk og form, og dei fekk trening i å vere både komponistar, musikarar og dirigentar. Dette forarbeidet med musikkelement vert her presentert som Del 1, medan det direkte arbeidet knytt til å komponere til forteljinga Jakob og Neikob vert presentert i Del 2.

Felles for både del 1 og del 2 er målsetjinga om å gi borna ei god oppleving gjennom forteljing og musikk og med det skape motivasjon og lyst til å ta til seg fleire slike opplevingar. Å skjerpe evna til å lytte og leike seg med lydar og rytmar har også vore viktige mål både for å utvikle lesedugleik og musikalitet. Å lære seg musikkfaglege omgrep og gi desse eit konkret innhald i samband med komponering, musisering og direksjon har også vore ein del av målsetjinga i opplegget for skuleborna.

Borna har fått utfalde seg gjennom leik og kreativitet, og opplegget har vore prega av god motivasjon og konsentrasjon.

Del 1: Førearbeid med musikkelement
Det musikkfaglege innhaldet omfattar arbeid med desse elementa: lytting, lyddiskriminering og lydproduksjon, symbol, rytme, dynamikk, form og direksjon.

Lytting, lyddiskriminering og lydproduksjon
Her nyttar ein lytteleikar der borna får lytte til og bruke ulike lydkjelder som stemma, kroppen, musikkinstrument, og andre lydkjelder som til dømes vassflasker, fyrstikkøskjer, boksar med erter, ris, nøklar og trepinnar. Leikeforma er sentral. Borna får gjette på lydar og prøve ut lydar, og dei kan også få vere «læraren» som leier lydleiken. Omgrepa KLANG og PAUSE vert viktige ord å lære seg i tillegg til namn på dei ulike lydkjeldene. Å få borna til å lytte til stillheit (pause) er eit viktig element i komponering.

Symbol
Borna får lage sine eigne symbol til dei ulike lydane. Dei kan verte samde om kva symbol dei vil ha for til dømes det å klappe i hendene eller å spele på vassflaske. Her nyttar dei grafisk notasjon i ei eller anna form og teiknar symbolet for kvar lyd, gjerne på eit A4-ark. Slik får dei venje seg til at lyd og symbol høyrer saman. Dette dannar grunnlaget for å utvikle eit partitur. Viktige omgrep å lære seg vert SYMBOL og PARTITUR.

Rytme
Når borna spelar, vil dei nytte både fri rytme og bunden rytme. I samband med utforsking av klang i ulike lydkjelder bruker vi mest fri rytme. Her finn ein variasjonar både i tempo og intensitet.

Når borna bruker ord som støtte for spelinga, vert rytmen gjerne metrisk eller bunden. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for å nærme seg rytmisk notasjon. Borna kan vere med og finne kor mange slag eit ord har, ved å klappe til ordet, og ein kan markere dette ved til dømes å notere ein strek for kvart slag. Slik legg ein grunnlaget for å lese og spele rytmisk notasjon, og etter kvart kan dette brukast i samband med innlæring av tradisjonell notasjon, om ein vil ta dette i bruk. Slik kan borna verte kjende med halvnotar, firedelsnotar og åttandedelsnotar gjennom rytmeleik.

I arbeidet med rytme nyttar ein rytmeleikar som byggjer på herming. Døme på dette kan vere at læraren eller eit barn klappar føre og eit anna barn hermar. Eller ein lagar eit «spørsmål» som den andre «svarar på». Leikar baserte på namnerytme fungerer også godt for born i denne alderen. Rytmisk akkompagnement til songar høyrer med. Her ser ein gjerne at borna vel å spele ein rytme som ligg nær opp til melodien, og slik følgjer dei gjerne ordrytmen. Så rytmeleik og bruk av ord høyrer saman.

Når born skal lære seg å spele i bunden rytme, er det ein god regel at ein spelar på eigen kropp først, for så å overføre rytmen til eit instrument. Spelinga kan gjerne vere basert på støtte som ordrytmen gir. Slik nyttar ein den kunnskapen som barnet allereie har tileigna seg.

Aktuelle omgrep for læring vil vere TEMPO, RYTME og namn på notar, om ein vil nytte det.

Dynamikk
Variasjonar i lydstyrke høyrer med når born spelar og leikar seg med lydkjelder og instrument. Etter kvart kan dei få øve seg i å spele vekselvis sterkt og svakt eller midt imellom. Til slik dynamikkleik kan ein til dømes nytte «lydfjellet». Som partitur teiknar ein eit fjell. Så peikar dirigenten på konturen av dette fjellet, og borna spelar variasjonane i styrkegrad i høve til om fjellet er høgt, middels eller lågt. Slik lærer borna seg å tolke ei form for symbol og gi dette uttrykk i form av lyd.

DYNAMIKK vert det sentrale omgrepet her. Om ein vil gå vidare, kan ein innføre fleire omgrep, som PIANO (svakt) og FORTE (sterkt). Desse kan ein også gi eigne symbol, som til dømes ein raud runding for «piano» og ein blå trekant for «forte».

Form
All musikkutøving har ei form. Der vil alltid vere ein start og ein slutt som skal markerast. Når ein skal komponere til ein tekst, vert forma gitt gjennom teksten si utforming, og musikken sin funksjon vert då å tydeleggjere nyansar og høgdepunkt i teksten. Omgrepet FORM vert sentralt å lære.

Direksjon
Etter kvart som borna vert fortrulege med lydleikar, rytmeleikar og dynamikkleikar, bør dei få ta over leiinga av desse. Slik får dei vere dirigentar og får styre start og stopp, kva instrument som skal spele og kva rekkjefølgje dei skal spele i, og variasjonar i rytme og dynamikk. Og dei får bestemme tempo. Sentrale omgrep vert DIRIGERE og KOMPONERE.

Prosess og progresjon
Opplegget for del 1 har vore gjennomført i ein periode på fire veker med ein time i kvar gruppe.

Første veka er det vekt på lytting og bruk av stemme, kropp og ulike lydkjelder som vassflasker, fyrstikkøskjer, nøklar m.m. som instrument. Ein finn fram til symbol for lydane. Lytteleik og rørsleleik er sentrale aktivitetar. Ein lærer omgrepa KLANG og KOMPOSISJON.

Andre veka gjentek ein lytte- og rørsleleikar med symbol frå første veka, og følgjer på med «dynamikkfjellet». Både spelegruppe og rørslegruppe er i sving. Nye omgrep er DYNAMIKK og PAUSE.

Tredje veka får borna vere dirigentar for leikar dei har gjort dei to første vekene. Nytt stoff er rytmeleik i form av hermeleik, namneleik og spørsmål/svar. Dette vert også knytt til symbol og lytteleik som dei har gjort før. Både fri rytme og bunden rytme er med. Dei får spele rytmisk etter partitur, og born får vere med på å dirigere dette. Ein tek i bruk rytmeinstrument som tromme, bjøllekrans, maracas, pinnar, treblokk og triangel. Nye omgrep er FORM, DIRIGERE, RYTME og PARTITUR.

Fjerde veka øver ein meir på å spele med variasjonar i tempo og dynamikk. Ein nyttar dei innarbeidde leikeformene, men går vidare gjennom å variere tempo og lydstyrke. Omgrepa TEMPO, PIANO og FORTE kjem til gjennom ord og symbol, og ein nyttar heile registeret av instrument som stemme, kropp, ulike lydkjelder og rytmeinstrument.

Rørsleleik
Musisering eller spel i ei eller anna form har vore den viktigaste aktivitetsforma i opplegget. Dette har vore det sentrale i lytteleik, rytmeleik og dynamikkleik. Ein har også nytta rørsleleik i opplegget. Som døme på det kan ein til ein lytteleik bestemme visse rørsler som skal vere svar på visse lydar; til trommelyd skal ein hoppe, til vassflaskelyd skal ein bøye seg ned, og liknande. Rørslene er det borna som foreslår. Her kan ein også nytte symbola for lydane. Til rørsleleiken kan dei bevege seg anten til fri rytme eller bunden rytme. Til dynamikkleiken kan borna vise med kroppen om musikken er svak, midt imellom eller sterk. Slik får borna øve seg på å lytte og diskriminere lydar og symbol og vise det gjennom rørsler. På den måten vert også rørsler ein kanal for læring, noko som passar godt for aktive 6–8-åringar. Det kan vere lurt å dele borna i to grupper når ein arbeider med rørsleleik – den eine gruppa får spele, medan den andre «dansar».

Del 2: Komponering til forteljinga «Jakob og Neikob»
Gjennom opplegget i Del 1 har borna vorte kjende med dei elementa ein treng for å lage ein komposisjon. Dei kan vurdere og velje ut lydar, lage symbol for lydane og utvikle partitur. Dei kjenner til variasjonar i klang, tempo, rytme, form og dynamikk. Og dei kan framføre musikken sin ved å musisere og dirigere. Borna har vist eit stort engasjement i dette, og meistrar det nokså godt.

Femte veka: No er det at forteljinga om Jakob og Neikob vert teken i bruk. Vi startar med eit felles opplegg for alle borna i klassen. Læraren les forteljinga og viser bileta medan borna ser og lyttar. Etterpå vert det ein kort samtale om «poenget» i forteljinga. Vidare ser dei nærare på hovudpersonane Jakob og Neikob. Kvart barn får teikne sin Jakob og sin Neikob på kvar si side av eit A4-ark. Og kvart barn får prøve seg på å skrive anten bokstavane J og N eller heile namnet til Jakob og Neikob. Slik lagar dei sine eigne symbol, som i neste omgang kan brukast i komposisjonen om det høver. Så les læraren forteljinga eller ein del av henne ein gong til, og elevane får øve seg i å lytte til namna. Når namnet Jakob vert lese opp, viser dei fram teikninga av Jakob, og tilsvarande for Neikob. Dette gir fin lyttetrening og repetisjon av forteljinga.

Sjette veka eller fleire: I denne veka arbeider vi med gruppedelt klasse. No skal borna få bruke dei musikkelementa dei har lært seg. Og ein prøver å finne svar på spørsmåla:

Kva ord skal ein lage lyd til?
Korleis skal lyden vere?
Korleis skal symbolet til lyden sjå ut?
Kva lydkjelde skal ein bruke – stemme, kropp eller instrument?
Når i forteljinga skal lyden vere med (oppbygging av form og partitur)? Skal han vere som ei lydkulisse her og der – eller skal han vere med heile tida?
Kvar skal der vere variasjonar i rytme, tempo og dynamikk?
Svara på desse spørsmåla vil variere etter kva borna kjem med framlegg til, og vil resultere i ulike komposisjonar. Ulike former for avgrensingar fører til variasjonar i uttrykk. Her er døme på ulike komposisjonar som borna på Øyra kom fram til:

Komposisjonen vert ein lydleik med bruk av stemme og kropp som instrument.

Ein startar med å gjenta forteljinga og velje ut kva for ord som er sentrale. Her finn ein fort fram til Jakob og Neikob. I tillegg vel borna ut orda HUS, TROMME, BIL og BOLLE.

Borna kjem med framlegg til kva lydar dei ulike orda skal ha, og dei prøver ut ulike symbol for ord og lyd. Så leikar ein med desse symbola og øver seg på lyden til hus, tromme, bil og bolle. I denne leiken får borna vere dirigentar. Så koplar ein saman denne lydleiken og forteljinga slik at lydane vert tekne inn i forteljinga kvar gong ordet vert brukt. I denne prosessen er borna dirigentar medan læraren les forteljinga. Elevane meistrar dette godt og er interesserte og engasjerte. Fokus er på ORD, KLANG og SYMBOL.

Komposisjonen vert ein rytmeleik med bruk av instrument

Her kan ein nytte dei same orda og symbola som ein har valt ut i lydleiken, eller ein kan finne andre ord i forteljinga (LAMPE, SOL, MÅNE). Orda Jakob og Neikob høyrer gjerne med her. Som rytmeleik øver ein først på å seie ordrytmen medan ein klappar til. Så vel ein ut kva for instrument som skal nyttast til dei ulike orda, og spelar til ordrytmen. Ein bruker symbol for ordet også her. Med eit barn som dirigent leikar ein seg med ordrytme, symbol og instrument. Ein vekslar på instrumenta og på det å få dirigere. Så kan ein kople dette til forteljinga om ein vil. ORDRYTME, RYTME og SYMBOL er i fokus.

Gjennom desse leikeformene vert element frå forteljinga førte vidare. Borna lærer seg ord og ordrytme, dei får øving i å lytte, å knyte lyd og symbol saman, i rytmisk spel, samspel og direksjon. Gode og disiplinerande moment er «orkesterkultur» som stille før start, kome inn presist når det er «min» tur, passe på ikkje å spele utanom tur, ikkje lage andre lydar enn dei som skal vere med, og å slutte i rett tid.

Rytmevariasjonar kan ein leggje inn i form av notasjon om ein vil leggje vekt på det. Ein kan til dømes bruke eitt slag for hus og bil og to slag for tromme og lampe. Dynamiske variasjonar kan også leggjast inn og visast på partituret med symbol.

Borna i 1. og 2. klasse på Øyra skule gjennomførte ulike delar av dette opplegget, og det var ikkje vanskeleg å engasjere dei. Det var heller ikkje vanskeleg for borna å meistre dei ulike aktivitetane og leikeformene.

I opplegg med komponering til forteljing er det tre ting som er viktige: Først og fremst skal dette vere LEIK og ikkje terping. Og då må ein gjere tinga ENKELT. Når ein skal gjere noko enkelt, føreset det at læraren har tenkt ut kva for avgrensingar som må gjerast, og kva ein vil leggje vekt på. Og så må der vere rom for at borna DELTEK AKTIVT med fantasi og utøving.

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: