facebook

Dei gode forteljingane

Eventyr og kulturformidling har vore ein del av vår norske kulturarv frå langt, langt tilbake i tid. Å ta vare på denne kulturarven og bruke den til å styrke den språklege kompetansen både hjå born som ikkje har norsk som morsmål og til born som treng styrke språket generellet ser Småfolk barnehage som svært verdifullt. Å samlast kring eit eventyr og ei god bok, er og ei styrking for fellesskapet og er med på å utvikle borna sin språklege kompetansen. Det er dette prosjektarbeidet "Dei gode forteljingane" handlar om.

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

2.5 Språkleg kompetanse

Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling gjennom kroppsspråk og leik med lydar er vesentleg del av måten det vesle barnet nærmar seg andre mennesker på. At vaksne oppfattar og stadfestar uttrykket til barnet og samstundes set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis talespråket utviklar seg vidare. Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Barnehagen må sørgje for at alle barm får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen (Rammeplanen s. 29).

3.3 Kunst, kultur og kreativitet

Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til å sjølve uttrykke seg estetisk. Å vera saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skapar sin eigen kultur utifrå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (s. 36).

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: