facebook

Barn og Kunst

Utgangspunkt for prosjektet er vårt nærmiljø. Vestfossen er et tettsted fullt av kunst og kultur, som vi ønsker å bruke i vårt arbeid med barn. Barna i Vestfossen vokser opp i et spenningsfelt mellom tradisjon og nytenkning, og vi vil la barna oppleve og bli kjent med den kulturarven de er en del av.

Juryens begrunnelse

Juryen dreg fram Røkeberg kultur og naturbarnehages gode måte å gje borna innsikt i gamle, lokale tradisjonar på den eine sida og nyskapande, moderne kunstuttrykk på den andre sida. Barnehagen fer seg på ei danningsreise i sitt eige lokalmiljø i spenningsfeltet mellom det tradisjonelle og det samtidige.

Personalet viser evne og vilje til å bruke dei opningane som finst i nærmiljøet og flettar dette inn i barnehagens aktivitetar: Mangfaldet er stort og spenner frå arbeid med vikinggraver, dyr i nærmiljøet, sansehage og sansetelt der samtidskunstnaren Morten Viskum har laga to installasjonar for borna, og ”Bokbamsen” som er eit leselysttiltak.

Personalet har ei reflektert og medviten haldning til vaksenrolla i barnehagen og stiller spørsmål ved korleis dei kan ta vare på det spontane og kreative barnet, korleis dei kommuniserer med borna – og kvarandre, og om de sjølve har kontakt med eigen spontanitet og kreativitet. ”Vi vaksne er gjerne for opptekne av resultatet og gløymer å sjå barnet der det er”: Dette sitatet er henta frå søknaden deira og juryens kommentar er at borna i Røkeberg er heldige som har eit personale som både ser dei, men som også torer å vere sjølvkritiske i sine vaksenroller.

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

Kapittel 9: Barnehagens fagområder, Kunst, kultur og kreativitet

Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna (…)

  • møter et mangfold av kunstneriske og kulturelle uttrykksformer og utforsker og deltar i kunst- og kulturopplevelser sammen med andre
  • opplever glede og stolthet over egen kulturell tilhørighet

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: