facebook

Komponering til forteljing i barnehagen

Trollsletta barnehage arbeider med komposisjon og forteljing. Sentralt i opplegget er lytting, klang, symbolar, rytme, dynamikk og form. Borna får øve seg på ulike former for samspel. Opplegget er organisert gjenom samlingar.


Tekst: Reidun Åslid Bjørlykke, førstelektor i musikk ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda



For video se denne link: http://www.nynorsksenteret.no/index.php?ID=13504

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

Prosjektet er forankra i Barnehagelova § 2, ”Barnehagens innhold” med følgjande formulering:

”Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter”.

Innanfor fagområdet ”Kunst, kultur og kreativitet”, som mellom anna omhandlar musikk, språk og film, vert det lagt vekt på å leggje til rette for både oppleving og skaping. ”Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får mange barn høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon”. (Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver 2006:36)

Eit utval målformuleringar viser kva dette kunne vere: ”Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna, - lærer å lytte, observere og uttrykkje seg gjennom allsidige møte med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk, - tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede, - utviklar evna til å bearbeide og kommunisere inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd, - utviklar elementær kunnskap om verkemiddel, teknikk og form for å kunne uttrykkje seg estetisk i visuelt språk, musikk, song, dans og drama”.

Innanfor fagområdet ”kommunikasjon, språk og tekst” vert det mellom anna lagt vekt på at tekst kan omfatte både skriftlege og munnlege forteljingar, poesi, rim, regler og songar. Det vert framheva at gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde for estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping(Ibid:34).  På dette grunnlaget vart prosjektet ”Les for meg” med forteljinga ”Jakob og Neikob” knytt opp mot musikk med vekt på komponering og lydleik.

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: