facebook
Eg kan spela

Hemmelighet

Opera er musikkdramatikk. Det er ei kunstform der musikk, drama, design og tekst blir sett saman som eit større uttrykk. Barna i Trodlahaugen har laga sin eigen opera, som handlar om løyndomar og venskap. Eit prosjekt som gav barn og vaksne mange kreative, morosame og spanande opplevingar.Gjennom samarbeid med Stord Kulturskule, blei me motivert til å bruke "Write an Opera" som metode i arbeidet med kunst og kultur i barnehagen. Fire pedagogiske leiarar har fått kurs(nivå 1) i metoden, i regi av Royal Opera House, London.Dei har vidare introdusert metoden for resten av personalet og foreldra. Alle barn og vaksne har delteke aktivt i prosessen. Foreldra har delte som støttespelarar og organisering av premierefesten.Prosjektet er dokumentert gjennom film , foto, tekstar, songar og musikkomposisjonar. Det meste er samla i ein rapport. Prosjektet er økonomisk støtta av Stord kommune.

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

Prosjektet forankres i rammeplanens punkt 3.3 Kunst, kultur og kreativitet. Me har brukt opera som metode - slik har barna fått erfaring med ulike fagområder innafor kunst og kultur, og dei har sjølv fått skape og uttrykke seg i fellesskap med andre. Prosessen har inkludert alle, både barn og vaksne, i eit kreativt samspel og det er blitt eit produkt som alle har eit eigarforhold til. Gjennom å uttrykke seg verbalt, kroppsleg, drøfte idear, lytte til kvarandre og gjere val, har barna fått erfaringar i å kommunisere, og med demokratiske arbeidsprosessar. Barna fekk erfara at deira idear blei teke vare på, og at dei fekk vera med å vedta og yta i eit fellesskap mot felles mål. Me har sett barn som er ivrige, oppleva meistring, har meiningar og idear. Einskilde barn har fått utfordra seg sjølv på ulike måtar og fagfelt, fått "tøya" seg og erfart å bryta grenser for seg sjølv og vokse på det. T.d. lage tekst, komponere musikk og syngja aleine. Prosjektet har gitt personalet gode høve til å bygge på barna sine refleksjonar og innspel. Ved å gå aktivt inn i dei ulike prosessane med barna, har den vaksne auka sin eigen lyst til å skape og leike.

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: