facebook
Eit tankekart med alle ideane som barna kom med då me planala animasjonsfilmen

OMIS - animasjonsfilm produsert av 5-åringar

Kvar haust deltek barnehagen i FORUT sin barneaksjon. Hausten 09 handla det om Omis frå Nepal. I samband med dette prosjektet produserte 5-åringane ein animasjonsfilm. Barna var med på heile prosessen frå ide til ferdig produkt. Det var stor grad av barnemedverknad, mykje kreativitet og skaperglede og ein kombinasjon av tradisjonelle og ”nye” verktøy og metodar.   Klikk HER for å se filmen

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

Viktige stikkord frå Rammeplanen som blei vektlagt i prosjektet: stor grad av barnemedverknad, kreativ bruk av digitale verktøy, barna fekk uttrykka seg gjennom mange "språk" og estetiske uttrykk. Det sosiale fellesskapet var heilt sentralt - barn og vaksne skapte noko i lag. Me undra og fabulerte i lag om korleis m.a. Yeti kunne sjå ut (filosofi), og brukte fantasien og kreativiteten for å visualisera tankane.

Prosjektbeskrivelse:
Bilder: