facebook

Frå Norrønt til nynorsk

68 barn på Våland skole i Stavanger , har gjennom prosjektet “Frå norrønt til nynorsk” vore med på eit forsøk med tidleg start av nynorsk som sidemål, dei åra dei gjekk i 2. og 3. klasse.

Diskusjonen om å ta vekk nynorsk som skriftleg sidemål i ungdomsskolen, fekk fire lærarar på Våland skole til å gå motsett veg i sidemålsundervisninga. Me ville prøva om det gjekk an å starta tidleg med nynorsk som sidemål både munnleg og skriftleg.

Lærarane som har vore med i prosjektet, er Torunn Berge Gloppen, Anne Lise Sømme Kielland, Tonja Knapstad og Lise Lunde Nilsen.
Me skulle ha 2. klasse hausten 2009, og me bestemte oss for å prøva sidemålsundervisning allereie frå andre trinn. Me var samde om at me måtte undervisa barna gjennom eit tema, og me ville stilla spørsmålet “Kvifor har me både bokmål og nynorsk?” Sidan elevane var så små, ville me prøva eit leikprega undervisningsopplegg. Me valde arbeidsformen “storyline” og bestemte at historia vår skulle gå gjennom fire ulike familiar. Me ville presentera ein familie i halvåret desse to skoleåra.


Nynorsksenteret gav oss midlar til nynorsklitteratur for barna.
Prosjektbeskrivelse:
Bilder: