facebook

Drama som uttrykksform og arbeidsmåte

Denne filmen syner korleis dramapedagogiske uttrykksformer og arbeidsmåtar vert teken i bruk i fagundervisning på trinn 8A på Danielsen Ungdomsskole. Ruth Mjanger, høgskulelektor i drama, fortel og viser korleis bruk av fiksjon kan etablera ein spennande læringsarena i klasserommet, der læraren er ein aktiv leiar og medspelar saman med elevane.

Filmen gjev ei kort innføring i nokre dramateknikkar i prosessdrama. Prosessdrama, eller dramaforløp som det også vert kalla, har ei fiktiv handling, ein fabel, og er satt saman av episodar der ulike dramateknikkar blir brukt for å belyse ulike synsvinklar i historia. Filmen forklarer desse dramapedagogiske teknikkane og dei vert eksemplifisert gjennom klipp frå fagundervisning i norsk, samfunnsfag og engelsk. Metodane kan overførast til alle fag i grunnskulen og gjev elevane og læraren metodar til å utforska og diskutera eit fagstoff og nye måtar å uttrykke dette på.

Den første delen av filmen skildrar korleis ein set i gang arbeidet med å etablera ei fiksjonsverd i klasserommet. Fiksjonsramma der handlinga skal skje, vert etablert gjennom bruk av nøkkelorda figur, stad, tid og fabel. Teknikkane som vert presentert i denne delen er pre-tekst, statueforming og kollektiv rolle.

Den andre delen skildrar korleis ein kan vidare utforska lærestoffet etter at fiksjonsramma er etablert. Gjennom bruk av kropp, stemme, følelsar og tanke undersøker og tolkar elevane karakterar og situasjonar i fiksjonsverda. Fiksjonskontrakten mellom elevane og læraren vert utdjupa. Elevar i kollektiv rolle vert synleggjort på ein ny måte gjennom bruk av lærar-i-rolle. Teknikkane som vert presentert i denne delen er tanketunnel, lærar-i-rolle (intervju og heit sete) og skriving i rolle. Intervju med elevar etter undervisninga får fram deira utbytte av undervisninga.

Slutten av filmen gjev innspel om vegen vidare til meir kunnskap om dramapedagogikk og oppmodar sjåaren til å prøva ut dramapedagogiske uttrykksformer og arbeidsmåtar saman med elevane.

I tekstheftet er det ein kortfatta oversikt over fagomgrep og dramateknikkane som vert presentert i denne filmen. Der finn du også dei tre undervisningsopplegga i norsk, samfunnsfag og engelsk. Under Ressursar, finn du nyttige nettsider og anbefalt litteratur.

Spørsmål til diskusjon

1.Kva tenker du om bruk av fiksjon til å etablera ein læringsarena i klasserommet?

2.Korleis diskuterer og uttrykker elevane sine tolkingar av fagstoffet i denne filmen?

3.Korleis vert lærestoffet lagt til rette for elevane?

4.Kva muligheiter gjev denne arbeidsforma læraren?

5.Kva krev dette av læraren?

6.Korleis ville du gjennomført ein av desse undervisningsopplegga?

7.Korleis kan enkeltståande dramateknikkar brukast i fagundervisninga?

8.Kva er første steg for å ta i bruk dramapedagogiske uttrykksformer og arbeidsmåtar i di undervisning?

Forankring i rammeplanen/ kompetansemål

Fra Kunnskapsløftet: Målområder etter 10.trinn som er aktuelle i meir eller mindre grad i dette undervisningsopplegget:

I tekstheftet finn du ei oversikt over ulike dramateknikkar, i tillegg til dei tre undervisningsopplegga i norsk, samfunnsfag og engelsk,som er brukt som eksempel i filmen. I starten av kvart opplegg er det presisert kva kompetansemål som undervisningsopplegget er retta mot.  

Norsk

Muntlige tekster

Delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film.

• Gjennomføre enkle foredrag, presentasjoner, tolkende opplesing, rollespill og dramatisering, tilpasset ulike mottakere.

 

Skriftlige tekster

Lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk: artikkel, diskusjonsinnlegg, formelt brev, novelle, fortelling, dikt, dramatekst og kåseri.

• Bruke lesestrategier variert og fleksibelt i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa. Formidle muntlig og skriftlig egne leseerfaringer og leseopplevelser basert på tolkning og refleksjon.

• Gjenkjenne de språklige virkemidlene humor, ironi, kontraster og sammenligninger, symboler og språklige bilder og bruke dem i egne tekster.

• Uttrykke seg presist og med et variert og nyansert ordforråd i ulike typer tekster på bokmål og nynorsk.

• Vise hvordan tekster i ulike sjangere kan bygges opp på ulike måter.

 

Sammensatte tekster

Tolke og vurdere ulike former for sammensatte tekster.

• Bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster.

• Vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder.

 

Språk og kultur

Presentere viktige temaer og uttrykksmåter i sentrale samtidstekster og sammenligne dem med framstillinger i klassiske verk fra norsk litteraturarv: kjærlighet og kjønnsroller, helt og antihelt, virkelighet og fantasi, makt og motmakt, løgn og sannhet, oppbrudd og ansvar.

Prosjektbeskrivelse:
Bilder:
Film: