facebook
Bilde frå Barnas beste. Foto: Lars Opstad/ Kulturtanken
Bilde frå Barnas beste. Foto: Lars Opstad/ Kulturtanken

KYKELIKY 2017

No er det endeleg klart for ny Kykeliky-konferanse! Konferansen vert halde på Hell i Stjørdal 4.-5. april. Konferansen er for alle som er engasjert i kunst og kultur for aldersgruppa null til åtte år.

Kykeliky er ein møteplass for tilsette i barnehage, kulturskole, grunnskole og høgare utdanning, rektorar, styrerar, kulturskoleeigar, skole- og barnehageeigar, forskarar, politikarar, kulturarbeidarar, bibliotektilsette, studentar og alle som er engasjert i kunst og kultur for aldersgruppa null til åtte år.

Som deltakar vil du
- få høyre erfaringar frå spennande kunst- og kulturprosjekt
- bli oppdatert på aktuelle problemstillingar innanfor kunst, kultur og kreativitet for dei yngste
- få oppleve flotte kunstnariske innslag med barneperspektiv
- få delta på praktiske verkstader som gir inspirasjon til eiga arbeid
- få kjennskap til gode modellar for samarbeid for overføring til egen kommune

Konferansen er initiert og arrangert av Norsk kulturskoleråd, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen og Kulturtanken (tidlegare Rikskonsertene)

Invitasjon med detaljert program, omtaler av foredragshaldarar og link til påmelding for Kykeliky 2017 kjem i januar.

Kykeliky 2016 i Bergen 

Kykeliky 2015 i Oslo

Lenke til Nyhetsarkiv