facebook

BARNEHAGEPRISEN 2017

Det er igjen klart for søknadsrunde på Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur. Søknadsfrist vil i år vere 15. september. Alle barnehagar kan delta, og vinnarane mottar 10 000 kroner til vidare arbeid med kunst og kultur, samt ein skulptur av Harald Bodøgaard.

Den nasjonale barnehageprisen for kunst og kultur er ein pris som vert delt ut annakvart år til tre barnehagar ut frå innsendt søknad. Søknaden består av ein prosjektbeskriving av eit gjennomført prosjekt i barnehagen. Dette kan vær eit langvarig arbeid med kunst og kultur, eller eit mindre prosjekt der barna har fått fordjupe seg i estetiske prosesser. Årets vinnarar vil få utdelt prisen på rammeplankonferansen senteret skal halde 15. november på Union Scene i Drammen.

Tidlegare vinnarar av prisen og søknadskriterier finn du her

Ta kontakt med anne.c.lande@nord.no om du har spørsmål om søknadsprosessen

Lenke til Nyhetsarkiv