facebook

Vil du vera med å utvikle nye læreplanar?

Utdanningsdirektoratet (Udir) søkjer no etter forslag på engasjerte og dyktige lærarar, eller tilsette i universitet- og høgskulesektor, til å vere med å utvikle læreplanar for faga i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Fornyinga gjeld både Kunnskapsløftet og Kunnskapsløftet samisk.

Oversikt over faga finn du på Utdanningsdirektoratet si heimeside Udir.no. Her er nokre sentrale fag:

  • Kunst og handverk
  • Duodji
  • Musikk
  • Musikk, samisk plan
  • Drama og rytmikk for høyrselshemma
  • Du må grunngje forslaga og ha innhenta samtykke frå dei du meld inn.

 

Meir informasjon om krava til dei som skal vera med i arbeidet: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/foresla-personer-som-kan-vare-med-a-utvikle-lareplaner/

Utdanningsdirektoratet må ha forslag frå deg innan 9. apil 2018. 
Du kan ikkje foreslå deg sjøl. 

Forslag sendast inn på eit fastsett skjema på heimesida til Udir.

Her kan du lese meir om fagfornyinga.

Fylg og arbeidet med fagfornyinga på udirbloggen.

Lenke til Nyhetsarkiv