window.dataLayer = window.dataLayer || []; function gtag(){dataLayer.push(arguments);} gtag('js', new Date()); gtag('config', 'G-H6QZF846HD'); iframe{width:100%;}table a {display: inline-block;} Gå til hovedinnhold
Barn kjevler trolldeig.

Trolldeig

Om du har vatn, kveitemjøl og salt har du det du treng til å lage trolldeig. Deigen er kjapp å lage, morosam å jobbe med og kan brukast både som prosessmateriale eller til å lage nokre fine produkt.

Tekst og foto: Kathrine Pedersen, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa

Dei fleste av oss har vel erfaring med trolldeig frå barndomen. Dei fleste heimar på 80- og 90-talet hadde trolldeig i ei eller anna form hengande som dekor på veggen. I barndomsheimen min hugsar eg det hang to figurar på kjøkenet, ein mann og ei kone. Kona hadde forkle og strikketøy medan mannen hadde oransje oljehyre-bukse, sydvest og ein påmåla strikkegenser.

I dag er nok trolldeigen mindre brukt, og i dei fleste barnehagar har nok andre leikedeigar tatt over stafettpinnen. Likevel vil eg gjerne tilrå å prøve ut trolldeigen på nytt.

  • Han er rask og billeg å lage
  • Ein kan lage ein stor porsjon som kan liggje i ein lufttett behaldar i kjøleskåpet og kan brukast ved behov
  • Han kan brukast både som leikedeig og kan tørkast i omn.
  • Han kan sorterast som matavfall.

Oppskrift

1 del salt

1 del vatn

2 delar kveitemjøl

Bruk gjerne ein kopp som måleeining

Bland deigen godt saman til ein smidig deig.

La barna utforske deigen med ulike reiskapar. Bruk det de har i kjøkenskuffa, til dømes: kjevle, peparkakeformer og kvitlaukspresse.

Trolldeigfigurer

Trolldeigfigurane tørkast i omnen ved ca 80 grader på eit steikjebrett med bakepapir. Avhengig av tjukkleiken vil steiketida variere, men rekn med minst 2 timar. Alternativt kan trolldeigen tørke i romtemperatur, men då tar det ca. to veker før han er skikkeleg tørr. Deretter kan ein måle trolldeigen om ein ønskjer det.

Personvern og informasjonskapsler

På denne siden bruker vi informasjonskapsler (cookies) og andre teknologier for å tilby deg så hyggelig brukeropplevelse som mulig. Du kan lese mer her.