Mandatet
Mandat
Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter for kunst og kultur i opplæringa og femner om barnehage, grunnskule, kulturskule og vidaregåande opplæring, førskulelærarar, lærarar som underviser i kunst og kultur i grunnopplæringa og lærerutdanninga, skuleleiarar, studentar, forskarar og læremiddelutviklarar.
Det er svært viktig at arbeid med, og formidling av kunst og kultur til barn og unge er godt forankra i utdanningssektoren (medrekna barnehagar) og kultursektoren.
Senteret skal samarbeide med relevante fagmiljø nasjonal og internasjonalt.
Presisering av mandatet
1. Hovudoppgåva til senteret er å bidra til kunstopplevingar og styrkje kompetansen om kunst og kultur hos barn i barnehage, elevar, lærarar og skuleleiarar. Det faglege arbeidet skal vere basert på forskings-, forsøks- og utviklingsprosjekt i nær kontakt med studentar og lærarar.
2. Senteret skal bidra til samordning av ulike kompetansar og strategiar i spenningsfeltet skule - kunst - kulturliv. Sameleis skal senteret syte for at ulike bidragsytarar utvekslar erfaring og lyfte fram synergieffektar som oppstår ved erfaringsutveksling og samordning.
3. Senteret skal hjelpe høgskular og universitet i samband med lærar-, kunst-, kulturutdanning, og etter- og vidareutdanningstiltak.
4. Senteret skal systematisere og informere om gode døme på formidling og oppleving av kunst og kultur for barn og unge. Senteret skal dessutan informere om erfaringar frå nasjonalt og internasjonalt forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid innanfor kunst og kultur. Det skal leggjast til rette for informasjonsspreiing, også elektronisk. Andre aktuelle tiltak er kurs, seminar, besøk ved senteret og materiellutvikling.
5. Senteret skal gje Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet råd når det gjeld læreplanutvikling og kompetanseutvikling i kunst og kultur. Senteret skal bidra til å skape god progresjon og samanheng i kunst- og kulturfaga på alle nivå i utdanninga, og hjelpe skuleeigarar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå i samband med formidling og kompetanseutvikling.
6. Senteret skal etablere og utvikle kontaktar og samarbeid med aktuelle nasjonalt, nordiske og internasjonale nettverk, organisasjonar og miljø. Nasjonalt gjeld det spesielt nettverk for estetikk og estetiske fag, kulturskulen, friviljuge organisasjonar og stiftingar, kunst- og kulturinstitusjonar, den kulturelle skulesekken.




